DUE OG DRONE – Kjartan Fløgstad

Arrangementsinformasjon
                 

Kjartan Fløgstad i samtale med Tor Arne Ursin og Anne Fjellro.                 

Kjartan Fløgstad treng neppe nokon nærare presentasjon. Med utgangspunkt i den siste romanen hans, «Due og drone,» vil han i samtale med teaterregissør Tor Arne Ursin (Grenland Friteater) og Anne Fjellro (Ord i Grenseland) dele frå forfattarskapen sin. Dette borgar for svært spennande samtaler.                       

Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages Heiderspris. Hausten 2019 kom romanen Due og drone – ein roman som fekk kritikarane til å ty til uttrykk som «Glødende Fløgstad!», «En litterær storhending» og «Fløgstad tar pusten fra deg». Sjeldan har ei bok fått så mange terningkast 6.                 

Tor Arne Ursin er teaterregissør, og var med å starte Grenland Friteater i 1976. Han har gjennom dei siste 20 åra sett opp ei rad forestillingar baserte på Kjartan Fløgstads tekstar og univers. Få kjenner Fløgstads forfattarskap slik Tor Arne Ursin gjer det.
Anne Fjellro er leder for Ord i Grenseland. Hun har studert litteraturvitenskap, idéhistorie og psykologi, med master i organisasjonspsykologi. Til daglig er hun lærer på Glemmen videregående skole. Anne har bred erfaring fra arbeid med journalistikk, kultur, kommunikasjon og ledelse, men har sitt hjerte i litteraturen.

       

Torsdag 12. november, kl. 17.00, Litteraturhuset i Fredrikstad Høst SAFT, Kulturfestival i unntakstilstand

Arrangør: Studium Actoris i samarbeid med St. Croix-huset og Litteraturhuset Fredrikstad

                                            

    

bokbad