Språk
Hjälp
© TicketCo AS 2024.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
I haust kjem Are Kalvø med boka Berre bønder lengtar heim, der han rett og slett har bestemt seg for å finne ut, ein gong for alle, kva som er best: by eller land?
I arbeidet med boka har han budd ein periode i Norges minste kommune og ein periode i Europas største by, for å samanlikne. I tillegg bruker han sine eigne erfaringar som bygdegut som flytta til byen, og storbyelskar som snakkar bygdedialekt, og ikkje minst: masse fordommar. Og han kjem med ein konklusjon.
Are Kalvø (f. 1969) er ein av Norges fremste komikarar. I 25 år har han gjort stand up og satire. Han har óg laga musikalar, revyar, ein opera og har skrive 11 bøker om ulike emne: religion, politikk, fotball, ferie og tidsbruk. Kalvø har eit stort publikum rundt om i landet, og har fått mange lovord og prisar for arbeidet sitt.