Konsert: Frøkedal & Familien

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær. Denne kvelden kjem dei til Fredrikstad!

page view image
Evenemangsdatum

lördag 28 sep 2024 19:30

avslutas lördag 28 sep 2024 21:00
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

ticket item
Konsert: Frøkedal & Familien – STUDENT
Denne billetten krever at du viser fram studentbevis i døra ved innsjekk.
ticket item
Konsert: Frøkedal & Familien – MEDLEM
Denne billetten er bare gyldig hvis du er medlem av Litteraturhuset Fredrikstad. Du må vise medlemsbevis i døra ved innsjekk
Medlem
Konsert: Frøkedal & Familien - ordinær billett
event image

Evenemangsinformation

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær. Denne kvelden kjem dei til Fredrikstad!

7. juni 2024 kjem albumet STAY – ei musikalsk motgift mot reiselyst, rastløyse og nagande uro for å gå glipp av noko, om ein skal tru bandet sjølv.

Bandet vil, foruten Frøkedal sjølv, bestå av Olav Christer Rossebø (feler, mandola), Selma French Bolstad (feler, vokal), Erlend Ringseth (keys) og Elisabeth Mørland Nesset (trommer, vokal)

Om albumet:

Med STAY har Frøkedal gravd djupt i heimlege musikalske skattekister, mekka allsong-rock og smelta reine popsongar saumlaust saman med asymmetrisk pols-rytmikk. STAY handlar om dei som blir verande, om å våge å tru at det som kan gjere oss lykkelege kanskje ikkje er ein annan stad – men nett her, nett no. Det er eit album om kjærleik og smerte, røter og fellesskap.

«Dette er Anne Lise Frøkedal på sitt mest kompromissløse, og på sitt beste, mest episke, rufsete og vakreste, hvor hennes egen gitar harver seg med skarpe strenger fra rockhistorien gjenom progrocken, countyen og americanaen og inn i den britiske 90-tallssfæren hvor man mer enn aner omrisset av en PJ Harvey på sitt mest rocka.» (Dagsavisens Geir Rakvaag om første single, Old Mistakes, karakter 6/6 )

Frøkedal & Familien har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, har spelt live på BBC Radio6 og mottatt to Spellemann-nominasjonar. Dei har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Nyleg turnerte dei i England som special guests for skotske Teenage Fanclub.

Frøkedal & Familien har også laga songbok. Der skriv dei innleiingsvis: «Musikk er ei samlande kraft som, gir oss alle tilgang på det utvida spekter av kjensler, minne og visjoner. Derfor legg me her alle korta på bordet, slik at den som ønskjer det kan komme tettare inn på desse låtene – eller til og med spele dei sjølv.»

Restriktioner

Billetter refunderes bare dersom arrangementet blir avlyst.

Arrangör
Litteraturhuset Fredrikstad