page view image

Linda Eides: FOSSE FOR DUMSKALLAR

Høyrt masse om Fosse men aldri lest han? Lest Fosse men nysgjerrig på mannen?

Informacje
event image

Velkomen til noko såpass sjeldant som ein lys og lett Fosseforestilling. Fosse for dumskallar  er er forteljingar, analyser og  anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Og verdas einaste nobelprisvinnar på nynorsk!

Kva skjedde eigentleg då Jon Fosse tok heilt av? korleis vart den uhippe strandebarmingen plutseleg verdas kulaste dramatikar? kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallen sin inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre studiepoeng.

Fosse for dumskallar vart fyrst tinga av Det Norske Teatret til Den internasjonale Fossefestivalen i Oslo 2021.

Linda fortel: Fosse for dumskallar vart tinga av Det Norsk Teatret til Fosse-festivalen 2021. Det har vore skikkeleg artig å framføra dette før Nobelprisen, og det er ikkje mindre kjekt no. Folk er definitivt sugen på meir kunnskap og fønnnfakta om fenomenet Jon Fosse.

Manus og framføring: Linda Eide
Musikalsk og verbal bækking, Sjur Hjeltnes.
Speletid 60–75 min.

Restrykcje

Billetter refunderes bare dersom arrangementet blir avlyst.