Tuva & Ronny – Eit show om kjærleik og gyros
Ei stor livskrise. Ein endå større draum. Og eit par gyros som skulle endre alt.
Tuva Fellman og Ronny Brede Aase inviterer til eit slags show om samliv, kjærleik og matskepsis. Om då Tuva blei sjuk, og om korleis dei gjekk frå å snakke om den greske hotelldraumen til faktisk å satse på han.
Draumen blei fødd over eit par gyros på Skiathos i 2013. Sidan har vegen vore både bratt, kronglete og full av overraskingar – med oppturar, nedturar og ei imponerande mengd ting som slett ikkje gjekk etter planen.
Mange har følgt reisa deira gjennom TV-serien om hotelldraumen i Hellas. No deler dei historiene bak det du såg på TV, det som aldri kom med – og kva som skjedde etter at kameraa blei slått av.
Velkommen til ein livleg, morosam og personleg kveld om livet saman, den store draumen og alle dei fine, vanskelege og ganske rare opplevingane undervegs.
Restriksjoner
Billetter refunderes bare dersom arrangementet blir avlyst.