page view image

UTSOLGT // Det tause språket og Meisteren: Litterær festaftan for norsklærarar og andre Fosse-elskarar

Etter 95 års venting fekk vi endeleg ein ny norsk og nynorsk vinnar av Nobelprisen i litteratur. I fleire år har han vore ein heit kandidat, og endeleg blei namnet hans lese opp av det svenske akademiet. Nå feirar vi nobelprisvinnaren med opplesing, spennande samtalar og Fosse-show for dumskallar. Velkomen til ein heidundrande litterær Nobelfestaftan!

Informasjon
event image

Han går vanlegvis ikkje ut lenger, ein stor heider er kommen over han, i haust fekk han Nobelprisen, han måtte reise til Stockholm for å ta imot han, han går eigentleg ikkje ut lenger, men måtte reise til Stockholm, ein stor heider er kommen over han, Nobelprisen, han fekk han i haust, den gjævaste prisen ein kan få, dei seier, han går eigentleg ikkje ut lenger, men måtte halde føredrag, der borte i Stockholm der, han måtte tale for heile verda, han tala om det tause språket, om frykta for å lese høgt på skulen, ein stor heider er kommen over han, i haust fekk han Nobelprisen, han går eigentleg ikkje ut lenger, men til Stockholm måtte han reise, for å hente prisen, takka nynorsken gjorde han, og Gud også, ein stor heider er kommen over han, ein av dei verkeleg store, det er han no, dei seier, ein av dei største, likevel er han så jordnær, så jordnær, han går ikkje så ofte ut lenger, han kjem nok ikkje til å kome, til Litteraturhuset Fredrikstad fredag den 5. april, er nok ferdig med å feire no, dei seier, men vi andre kan feire, feire Nobelprisen, den største prisen, dei seier, den store gleda, vi kan feire Asle og Ales, og syster Alida og Olav, og Åsleik, og Johannes og Peter, og mor Oline, og Knut’en, og kona til Knut’en, kan vi feire, og alle oppattakingane, kan vi feire, utan punktum, kan vi feire, Jon Fosse, han kjem ikkje til å kome, han er ferdig med det, dei seier, han går ikkje ut lenger, men nokon kjem til å kome, og ikkje kven som helst, er det som kjem, ho der Cecilie, eller kva det er ho heiter, ho der redaktøren hans, og ho der Monica, var det ikkje det, ho der som skriv, romanar og dramastykke, slik som Fosse sjølv, og han der lesaren, Anderz, han skodespelaren, han som les alle stykka hans så fint, så fint, og ho der kritikaren, dei seier, ho Marta, ho som har lese alle bøker som finst, ho som ikkje ville kaste terning, alle desse kjem til å kome, og så ho Linda, då, ho der med det der språksjovet, dei seier, ho som kan alt om Jon Fosse, og ho kan formidle det, til og med til dumskallar, dei seier, ho og han Spelemannen, han der Sjur, dei kjem, med forteljingar, anekdotar og underhaldande analysar, ei stor glede er kommen over oss, Nobelprisen i litteratur, til ein nordmann, fantastisk er det, ein stor fest er det vi skal ha, det er det vi seier, ein fest det skal lukte steikt flesk og smake urøykt pinnekjøt av, og du må kome, klart du må kome, og du skal ta med deg Mannen, og Systera, og Han, og Ho, og Skulemeisteren, og alle du kjenner, og for ein fest det skal bli, kjære norsklærarar og andre Fosse-elskarar, for ein fest det skal bli!

Denne kvelden får vi oppleve opplesing av røysta som blir omtala som «lyden av Fosse», ei innleiing frå Noregs fremste litteraturkritikar, ein panelsamtale med spesialistane og eit heilt unikt Fosse-show!

Desse kjem til å kome:


Cecilie Seiness er Jon Fosse sin redaktør i Samlaget. Ho har også skrive boka Jon Fosse. Poet på Guds jord. Korleis er det å vere redaktøren til ein Nobelprisvinnar? Det får vi høyre meir om denne kvelden.


Anderz Eide er skodespelar og innlesar. Han har lese inn mange av bøkene til Fosse på lydbok, og mottok pris for innlesinga si av Septologien no i haust. Korleis er det å jobbe med tekstane til Fosse?


Monica Isakstuen er prislønt forfattar og dramatikar busett i Fredrikstad. Korleis har Fosse påverka skrivinga hennar? Og kva vil denne prisen ha å seie for norske forfattarar?


Marta Norheim har i mange år vore litteraturkritikar i NRK. Den siste tida har ho markert seg som ein tydeleg motstandar av at statskanalen no har byrja med terningkast i litteraturkritikken. Korleis vurderer ho forfattarskapen til Fosse?


Erling Westgaard Flote skal leie samtaledelen av festaftan. Han er med i komiteen som arrangerer litterær festaftan, og i slutten av april blir han også forfattar, på same forlag som Nobelprisvinnaren. Det er også Erling som har forfatta omtaleteksta ovanfor.


Linda Eide, kjend mellom anna for Eides språksjov på NRK, kjem med showet Fosse for dumskallar. Her blir det forteljingar, anekdotar og underhaldande analysar av Jon Fosse. Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Kva er hans personlege favoritthistorie?

Sjur Hjeltnes spelar piano i Fosse for dumskallar.


Fosse for dumskallar 

Velkomen til noko såpass sjeldant som ein lys og lett Fosseforestilling. Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar  om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Verdas fyrste nobelprisvinner med nynorsk som hovudmål!

Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det eigentleg som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.

Linda fortel: Fosse for dumskallar vart tinga av Det Norsk Teatret til Fosse-festivalen 2021. Det har vore skikkeleg artig å framføra dette før Nobelprisen, og det er ikkje mindre kjekt no. Folk er definitivt sugen på meir kunnskap og fønnnfakta om fenomenet Jon Fosse.

Tekst og framføring, Linda Eide. Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Sidan 2017 har ho fronta programmet Eides språksjov, og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding på NRK1. 

Musikalsk og verbal bækking, Sjur Hjeltnes.

Feiringa er støtta av Samlaget. 

Serien Litterær festaften for norsklærere og alle andre litteraturelskere ble gjennomført første gang i 2021 og arrangeres to ganger i året. Idé og program utarbeides av en egen programkomité med disse norsklærerne: Ingeborg Aasbrenn, Erling Flote, Tore Antonsen og Kristine Hollup. Arbeidet er ledet av Anne Fjellro, programansvarlig ved Litteraturhuset Fredrikstad.

Restriksjoner

Billetter refunderes bare dersom arrangementet blir avlyst.